Fugletribunalet er ei bok som etterlét deg vuggande ustøtt i stolen, med eit djupt, lokkande hav rundt deg. Boka held fram med å bølgje i kroppen lenge etter at du har lagt henne frå deg. Det var kanskje ikkje det ein hadde venta frå Agnes Ravatn, at ho skulle gi oss ein dirrande nervøs og klaustrofobisk spenningsroman no. Kanskje er det nettopp det som gjer at boka kjennest som eit viktig tilskot til forfattarskapen hennes. Med den nye romanen stadfester Ravatn sin posisjon som ein av dei solide stemmene blant dagens unge norske forfattarar. Vi har snakka med henne om vegen fram dit – og om den klisjéfylte, men ektefølte draumen om å forlate alt.
– Gratulerer med ny bok og så langt glitrande omtalar. Boka er allereie selt til Tyskland, står det i presseskrivet frå Samlaget. Er du klar for å erobre verda?
– First we take Radøy Mållag, then we take Berlin. Seks år med heroiske opptredenar i ørsmå forum har endeleg begynt å kaste av seg.
– Mange kjenner deg som ein humoristisk forfattar og blei derfor overraska over dette alvoret som finst i Fugletribunalet. Du har sjølv fortalt at du i arbeidet med boka bevisst kutta bort dei mest «morosame» setningane. Eg synest likevel det er mykje god humor i boka, men at det kanskje er hakket meir subtilt gjennomført denne gongen. Ein skal vel heller ikkje glømme at Veke 53 òg handla om alvorlige ting – der skildra du jo ei veke ramma inn av gravferder, med både samlivsbrot og alkoholisme som bakteppe. Kva tenker du sjølv om den nye romanen i forhold til den førre? Korleis påverka det skrivesituasjonen at du no satt og skreiv med ein gryande kjendisstatus på skuldrene?
– Her stiller du på tilsynelatande tilforlateleg vis to heilt ulike spørsmål! Eg har sjølv lett for å tenke på Veke 53 som ei humoristisk, nærmast Chaplin-liknande bok. Men då vil eg nemne at eg under ei opplesing frå boka i Ulvik fekk ein vaksen mann til å gråte!!! Og det underliggande alvoret er mørkt nok. Det meste av humoren i boka ligg i hovudpersonens interaksjon med andre menneske. Han gjer sitt beste for å tilpasse seg andre, på same tid som han protesterer mot nettopp dét, for dersom han tilpassar seg dei andre mistar han seg sjølv. I Fugletribunalet ligg nok det meste av humoren i Allis sine sjølvrefleksjonar, korleis ho betraktar seg sjølv med eit blikk fylt av skam og sjølvforakt. Eg såg at dei meir opplagte ha ha-setningane i manuset reiv teppet vekk under føtene på det ubehaget og det alvoret som ligg i forteljinga. Humor kan jo på sitt beste forsterke det alvoret som ligg der, slik som i Ei vinterreise og Monstermenneske, for å ta to veldig ulike eksempel. Slik var det ikkje i denne boka. Så dei morosame setningane måtte ut, sjølv om det var smertefullt. Når det gjeld gryande kjendisstatus – ja, eg aksepterer faktisk denne underliggande premissen – så er det jo dette som gjer andreboka så forskjellig frå førsteboka. Mellom bøkene har ein ete av kunnskapens tre, ein veit at det finst forventningar der ute som ikkje var der første gongen, ein veit omtrent kva kvar enkelt kritikar vil meine om konkrete setningar og ein er i det heile tatt mindre fri. Ein del av jobben er plutseleg blitt å finne måtar å stenge ute slike metatankar på. For meg funkar det best å reise vekk nokre veker i slengen, gløyme alt og berre leve inni manuset.
– I Veke 53 drøymer hovudpersonen Georg Ulveset om å starte eit nytt og betre liv: «Verdas nest største klisjé: å tru at ein kan starta heilt på nytt. Kvifor ikkje? tenkte han. Her oppe kan det livet ta til som det alltid var meininga at eg skulle ha. Her kan eg starta eit antikvariat, her kan eg driva ein pub, her kan eg få mitt eige småbruk, arbeida med nevane i jorda kvar dag og legga alt akademisk åk bak meg. Vedhogst, tenkte Georg.» Det blir vel med tanken her, men i Fugletribunalet lèt du Allis Hagtorn ta skrittet fullt ut. Er denne ideen om å bryte med det moderne samfunnet noko som har lege i kim lenge – og er det søkt å lese det i samband med ditt eige mykje omtalte oppgjer med Facebook?
– Eg trur denne klisjéfylte men ektefølte draumen om å forlate alt og vende tilbake til naturen er noko som ligg latent i mange av oss moderne menneske. Verda er ein kakafoni av irrelevant kakkel, me er i ferd med å drukne i ein evig informasjonsstraum. Eg trur nok Allis sitt sterke behov for å trø til sides, ut av verda, ut av økonomien, politikken, dei sosiale lovene som fortel oss kva eit vellykka menneske er, alt dette som gjer menneska ufrie – alt det som distraherer folk vekk frå å tenke langsame tankar om kva som eigentleg er viktig her i verda, utan at eg skal prøve å formulere eit svar på kva dét skulle vere – er noko mange kjenner seg att i. Meg sjølv inkludert. Eg har akkurat flytta til ny leilegheit, utan oppvaskmaskin, og ein dag eg stod og tok oppvasken var det noko som var så rart. Eg forstod ikkje kva det var, men noko kjendest heilt annleis. Til det brått gjekk opp for meg: å ja, eg står her og tenker mine eigne tankar. Eg les ikkje noko andre har skrive på ein skjerm, eg høyrer ikkje på radio, det er ingenting som stimulerer meg, anna enn mi eiga stemme i hovudet. Og det var ganske skremmande å innsjå at mine eigne tankar var noko eg ikkje hadde høyrt på lenge. Så frå no av: stillheit.
– Det blir konsumert relativt store mengder alkohol i begge romanane dine. Samtidig verkar alkoholen å vere kjelde til mykje av den skamma som både Allis Hagtorn og Georg Ulveset slit med. Allis går jo drastisk inn for å oppnå ei slags reinsing gjennom kroppsarbeid og friluft, men ho legg likevel ikkje vekk flaska. Kan ein sjå på dette som ei slags motvekt mot det reine sunnheitshysteriet – altså at, jo, eit par skritt i riktig retning er vel og bra, men ein stad må det gå ei grense? Eg har lese at du sjølv har begynt å jogge, etter at du lenge var ein av dei som hata joggarar. Det eg spør om er kanskje: Er det viktig for deg likevel å bevare eit visst element av usunnheit i denne dragninga mot det sunnare og reinare?
– Det mest praktiske er å sitere Andreas Hompland: «Eg spring for å kunne halde ut eit elles lastefullt liv». Reknestykket må gå opp, så enkelt er det. Det er den gylne middelvegen som gjeld. Så dersom ein er interessert i å ruse seg på alkohol med jamne mellomrom, noko eg definitivt er, så må ein vege opp med ein joggetur seinare. Elles ville alt flyte ut, og eg ville ikkje lenger vere i stand til å arbeide og tenke, men la meg rive med av ei stri raudvinselv.
– I Fugletribunalet beveger du deg inn i eit landskap eg tenker på som urnorsk i litterær samanheng: skogen, fuglane, båten, naustet – der det stadig finst ei nervøs uro og det herskar ein litt draumeaktig mystikk. Fleire gonger tenker eg på Vesaas mens eg les. Kva tenkte du sjølv om å gå inn i dette stoffet – kjentest det forslite på noko vis, eller fann du tvert i mot ein slags tryggleik der?
– Forslite, men relevant, trur eg eg vil seie. Eg hadde ikkje sjølv Vesaas i tankane. Han hadde jo innlandshjarte, mens dette meir er eit kystlandskap. Men rekvisittane du nemner er like fullt urnorske, og det kjendest ein smule risikabelt å gi meg inn på ein såpass allereie nedtråkka sti, eller traktorveg. Men det er jo ikkje slik at folk ikkje skriv om kjærleik lenger, fordi emnet er ferdig undersøkt. Nokre ting er slitesterke. Og skogen, fjorden, fuglane, dei er slitesterke dei òg.
– Eg las ein plass at du var usikker på korleis romanen skulle slutte, at du ikkje hadde noko klart bilde av kva som skulle hende med dei to karakterane. For meg virka slutten veldig naturlig, som om heile romanen bygde opp mot at det måtte gå nettopp slik. Du er tydeligvis ikkje ein forfattar som legg detaljerte planar for romanen på førehand – men kva var utgangspunktet for romanen da du starta? Og har det endra seg mykje undervegs i prosessen?
– Utgangspunktet var eit indre bilete eg hadde av dette huset, og landskapet rundt det. Og eg såg ei ung kvinne som kom til dette huset som jobbsøkar, for ein mann i arbeidsfør alder. Så brukte eg fire år på å finne ut kvifor ho kom dit, og kvifor han trong hjelp i huset og i hagen. Når eg så kjende forhistoriene deira, kunne eg skrive historia. Men eg visste aldri kva som skulle skje på neste side og rundt neste sving. For meg ville det gjort heile skrivinga uinteressant. Heile poenget er jo å sjå korleis folk reagerer i visse situasjonar, korleis dei handlar under press, kva dei får vite om seg sjølv, og korleis dei lever med denne kunnskapen og held ut med seg sjølv. Eg kan ikkje fatte og begripe korleis forfattarar orkar å først skissere opp heile historia, og deretter skrive henne ut. Det er praktisk, men særleg gøy kan det umuleg vere.
– Eg hugsar at du i Dag og Tid ein gong intervjua ein lovande forfattar som hadde gitt ut den andre boka si bare eitt år etter den første, og at du var skeptisk til om det ikkje gikk «litt vèl fort i svingane her». Du debuterte jo i 2007 og lét det gå seks år før neste skjønnlitterære utgiving. Var ikkje det litt vèl treigt da, Ravatn?
– Det var i overkant treigt. Eg erkjenner det. Åra mellom bøkene rann vekk i eit i overkant romantisk kunstnarsyn som sa at berre ein sjekkar epost og går inn på dagbladet.no mange nok gonger i løpet av arbeidsdagen, vil ein til slutt ha skrive ei bok. Det stemte ikkje. No er eg blitt ein sjølvdisiplinert maskin og det finst ikkje lenger grenser for kor mange bøker eg kan skrive.